Velkomen til verdsrekordveke i Kulturskulen
( 12.11.2018 )
Artikkelbilde 

Velkomen til ny veke i kulturskulen, og denne veka sett vi ny verdsrekord i Open Scene. Det er fyrste gong vi skal ha 3 Open Scene på ei veke. I kveld er det pianoelevar på Sula Bibliotek kl 17.30. På onsdag er det piano og fiolinelevar på Sula Bibliotek kl 18.00, og på torsdag skal treblåselevane ha konsert kl 19.00 i amfiet på Kulturskulen. Ikkje nøl med å ta kontakt med lærar om noko er uklart. Møt opp som publikum om du har tid og anledning.

No har det blitt ein ny funksjon i vår SpeedAdmin. All utmelding frå kulturskulen skal no skje der. Det er viktig for oss i kulturskulen at dei som slutter, svarer på dei spm som blir stilt. Dette for at vi kan ble enno betre. Det er viktig at føresette tek ein prat med lærar før ein tar det skrittet å melde ut barnet. Minner også om fristar for utmelding ift betaling av semesteravgift.

Lykke til med denne veka. 


Les meir

Referat frå foreldremøte 26. september
( 02.10.2018 )

Artikkelbilde

Takk til alle som deltok på foreldremøtet 26. september. Her er rektor sin presentasjon og oppsummering av gruppearbeid. 

Det var veldig kjekt å få tilbakemeldingar på vårt arbeid, og det å få oppleve at så mange satt i same rom og snakket kulturskule gjorde veldig godt i hjartet. kanskje vi skal invitere politikarane neste år?

...

Les meir
 
Ynskjer du å bli elev?
( 30.04.2018 )

Artikkelbilde

No er det klart for å søke på elevplass i Sula Kulturskule. Nytt hausten 2018 er aldersdeling i drama og på kor. Vi tilbyr også band som tilbod for fyrste gong utan at du treng å ha elevplass, eller har vore elev ved kulturskulen. Kyrkjemusikk er eit nytt fordjupingstilbod til våre eldste pianoelevar. Les meir i vår nye brosjyre

 

Frist for å søke er 20. mai, men vi tar i mot søkarar gjennom heile året. 

 

Om du er ny søkar trykker du du her 

Om du er eksisterande elev eller på venteliste trykker du her for å søke på ny disiplin/fordjupingstilbod, oppdatere informasjon osb  

...

Les meir

Ny pedagogisk plattform
( 17.04.2018 )

Artikkelbilde

Dei siste to åra har Sula Kulturskule vore med på eit veiledningsprosjekt med Norsk Kulturskuleråd for å implementere ny rammeplan i vår kulturskule. Dette har ført til to konkrete resultat. Vi har starta kulturkarusell på 3.trinn på Langevåg Skule og vi har laga ei ny pedagogisk plattform for Sula Kulturskule. Vår nye visjon er: Sula Kulturskule - tradisjon, kreativitet og opplevingar. 

Her kan du laste ned vår nye plattform

 No starter vi jobben med at visjonen og plattforma skal sette sitt preg på vår undervisning og organisering av undervisning neste skule år. Dette blir spanande.

...

Les meir
 
Nye satsar for elevbetaling
( 16.01.2018 )

Artikkelbilde

Kommunestyret vedtok 14. desember 2017 nye satsar for elevbetaling i Sula Kulturskule. Desse gjeld frå 01.01.2018:

 Vedtak:

 

 

Sula kommunestyre vedtar justering av betalingssatsane ved kulturskulen og biblioteket slik det går fram av saka:

...

Les meir
 
Planlagde aktivitetar
22.11 Open Scene
27.11 Open Scene med jazzorkesteret
06.12 Stjerneskimmer
13.12 Juletrefest m/teaterforestilling & kunstutstilling
Klikk for fleire aktivitetar...
 


Sula Kommune
Ungdommens Kulturmønstring

Norges musikkorps forbund

Kulturskolerådet

Facebook
 
Footer bilde